Lyft upp augo, alle ætter!

Av Lars Eskeland

Lyft upp augo, alle ætter!
Livsens sol med guddomsglans
over hav og fjelltind spretter
med ein blodraud strålekrans.

Lyft upp augo, alle ætter!
Herren inn i tidi steig,
og han handi til oss retter,
han som jord og himmel eig.

Han som skapte sol og stjerna
gjer seg til din eigen bror,
og han frelsa vil og verna
deg og meg med livsens ord.

Livsens fyrste til deg talar,
himmelriket er deg nær.
Freden i ditt hjarta dalar,
alle englar mot deg lær.

Til kvar ein med byrder tunge
segjer han: Eg elsker deg.
Lyft upp augo, gamle unge:
alle himlar opnar seg.

Evigt ljos ikring deg bårar
frå eit solhav himmelvidt.
Skipet ut, med segl og årar!
Du kann sigla trygt og fritt.